Kunngjering av løyve til utfylling i sjø - Lesto næringsområde i Stad kommune
Kystverket fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden.
Publisert 24.06.2024
Lesto næringsområde skal anvendast som anleggsområde for Kystverkets prosjekt Stad skipstunnel og til planlagd utfylling for å etablere nytt areal skal det nyttast overskotsmassar fra dette prosjektet.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/6077.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35