Kunngjering av løyve til utdjuping foran Kyrkjenes tømmerkai i Ullensvang kommune
Indre Hardanger Skogeigarlag fekk 2. juli 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø (undervassprenging og omplassering av sprengte massar på djupare vatn). Formålet med tiltaket er å auke seglingsdjupne ved eksisterande tømmarkai på Kyrkjenes gnr./bnr. 251/20 i Ullensvang kommune.
Publisert 02.07.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/4735.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35