Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn i Myrkdalen
Voss herad fekk 22. mars 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Myrkdalen tettbygde område.
Publisert 03.04.2024
Løyvet gjeld etablering av eit nytt reinseanlegg som skal erstatte dei fem eksisterande reinseanlegga i Myrkdalen. Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.
Kontaktpersoner
-
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05 / 55 57 23 05