Kunngjering av løyve til mudring og undervassprenging for Trygvason AS
Trygvason AS fekk 23. mai 2024 løyve etter forureiningslova til mudring og undervassprenging i sjø ved gnr. 50 og bnr. 30 i Bømlo kommune.
Publisert 23.05.2024
Trygvason AS skal mudre ca. 150 m3 for å gi meir klaring til botn ved innsegling.
Offentleg innsyn
Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/4579.