Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane i Stord kommune

Statsforvaltaren i Vestland gir Renevo AS løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane. Løyvet er datert 16. desember 2024.

Publisert 18.12.2024

Renevo AS starta opp biogassproduksjon i 2022 på Eldøyane i Stord. I løyvet då var årleg mengde avfall inn til anlegget begrensa til 22 000 tonn. Dette anlegget fungerte ikkje og hadde store luktproblemer. Renevo AS stengte difor ned produksjonen hausten 2023. Renevo AS har søkt om å auke mengda avfall som vert handtert ved anlegget til 55 000 tonn. 

I høyringa av søknaden er det klart at både privatpersonar og verksemder som er naboar til Renevo AS sitt biogassanlegg på Eldøyane er imot at Renevo AS får utvide verksemda si. Hovudårsaka for dei fleste er erfaringa dei har med lukt som følge av Renevo AS si drift. Stord kommune er positiv til tiltaket under føresetnad av at biogassanlegget vert drifta slik at luktgrensene vert heldne, og at det er ei streng oppfølging frå Statsforvaltaren si side. 

Anlegget som Renevo AS no har fått løyve til innebærer ei total utskiftning av alle bestanddelar av anlegget, unnateke oppgraderingsanlegget for biogass. Både mottaksløysingar, råtnetankar og reinseteknologi for luft er nytt. Renevo AS vil i ombygginga gå vekk frå reaktorteknologien som hittil har blitt brukt, og etablere tradisjonell og utprøvd løysing med utråtning av avfall. For å unngå luktutslepp vil Renevo AS etablere fleire sluser etter kvarandre inn til der sjølve mottaket av avfall skal skje. 

Statsforvaltaren ser at Renevo AS har vist vilje til å finne løysingar, og vi gir derfor eit nytt løyve med strengare vilkår til Renevo AS. 

Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2019/5755. Dersom det er andre som bør varslast om vedtaket ber vi om tilbakemelding.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.