Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Bjørkemoen i Voss herad

Statsforvaltaren i Vestland gir BIR AS løyve til drift av biogassanlegg i Voss herad. Løyvet er datert 4. november 2024. 

Publisert 16.12.2024

BIR AS har søkt om mottak av inntil 18 000 tonn kjeldesortert matavfall samla inn i papirposar frå hushaldningar og 36 000 tonn husdyrgjødsel frå lokalt landbruk. Det er gitt løyve til mottak av husdyrgjødsel og kjeldesortert matavfall i papirposar frå hushaldningar, i samsvar med søknaden. Det er eit svært viktig tiltak for å unngå plast i bioresten av BIR AS samlar inn matavfall i papirposar, og vil etablere god kontroll på avfall til anlegget. 

Det vil oppstå luft i biogassanlegget som inneheld kjemiske stoffer som gir vond lukt. Denne lufta kan ikkje sleppast rett ut, men må reinsast. Vi forutset at BIR AS har gjort tilstrekkelege vurderingar av reinseløysingar og hyppigheit på utskifting av luft i anlegget (ventilasjon) til at luktutsleppa haldast innanfor grenseverdiane. 

Biogassanlegget har ikkje utslepp til vatn direkte frå anlegget. Bioresten inneheld næringsstoff som kan forureine vassdrag dersom bioresten vert brukt i større mengder enn det plantene har behov for. Det er difor sett vilkår som sikrar at matavfallet som vert levert til anlegget vert materialgjenvunne, og at bruk av bioresten ikkje fører til forureining. 

Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. BIR AS har fått utsett klagefrist til 23. desember 2024. Ein eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2023/10333. Dersom det er andre som bør varslast om vedtaket ber vi om tilbakemelding. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.