Kunngjering av løyve til anleggsarbeider knytt til rehabilitering av molo i Gaupnefjorden, Luster kommune

Oversiktskart som viser tiltaksområdet ved eksisterande molo.

Statsforvaltaren i Vestland gav 22. januar 2025 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i Gaupnefjorden, Luster kommune. Formålet med tiltaket er rehabilitere og utvide ein eksisterande molo. 

Publisert 22.01.2025

Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/16133.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.