Kunngjering av løyve til anleggsarbeider i sjø ved Kneteberget på Botnastranda i Kinn kommune

Statsforvaltaren i Vestland gav 4. februar 2025 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider ved Kneteberget på Botnastranda i Kinn kommune for Julnes Eigedom AS. Formålet med tiltaket er å utvide industriområde.
Publisert 05.02.2025
Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/17270.