Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Westcon Yard Florø - Kinn kommune
Statsforvaltaren gav 9. september 2024 Westcon Yard Florø løyve til mudring/undervassprenging av 4 000 m³ massar i sjø ved gnr./bnr. 112/29. Formålet er auka seglingsdjupne framfor innseglinga til ei ny tørrdokk.
Publisert 10.09.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/3787.