Kunngjering av endra løyve til anleggsarbeid i sjø - Arefjordpollen Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 22. januar 2025 endra løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Arefjordpollen i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.
Publisert 22.01.2025
Endringa går bl.a. ut på utviding av eksisterande Rv. 555 for etablering av kollektivfelt og gang og sykkelveg.
Søknader om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/16836.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35