Kunngjering - Nytt løyve for utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad i Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune har 31.august 2021 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Førde tettstad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 14.10.2021
Løyvet erstattar tidlegare løyve av 11.april 2007 og har ei ramme på 45 000 personekvivalentar (pe), som er ei utviding i høve til tidlegare ramme på 28 000 pe.
Brev med vurdering av saka ligg på www.norskeutslipp.no og til høgre på sida.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.
Kontaktpersoner
-
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05 / 55 57 23 05