Kunngjering - Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk
Øvre Kvemma kraftverk fekk 4. februar 2022 løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av vassveg for Øvre Kvemma kraftverk i Lærdal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Anleggsarbeidet er planlagt med oppstart februar 2022, og er venta å vare om lag 18-20 månader. Boring av tunnel er venta å vare 8 månader.
Brev med vurdering av saka finn du til høgre på sida. Løyvet er òg kunngjort på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.