Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Svanøy Havbruk AS har 17. juni 2024 fått nytt løyve etter forureiningslova for utviding av settefiskanlegget på lokaliteten Marøysundet II.

Publisert 17.06.2024

Løyvet gjeld for ein produksjon på inntil 100 tonn årleg biomasse av settefisk. Det er sett vilkår knytt til reinsing av avløpsvatnet frå anlegget. Utsleppa til vassmiljøet er regulert med utsleppsgrenser for total nitrogen, fosfor og organisk kabon. Det er sett vilkår om overvaking av miljøverknader av utsleppa til vatn.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.