Fellesprosjekt Arna - Stanghelle (FAS) løyve til anleggsarbeid område FAS Aust
Statsforvaltaren i Vestland gav 20. januar 2025 løyve etter forureiningslova til førebuande arbeider i område FAS aust - Fellesprosjekt Arna - Stanghelle. Løyvet er gitt til Statens vegvesen og Bane NOR
Område Aust er frå og med Furnestreet til og med Vaksdal i Vaksdal kommune. Dei førebuande arbeida gjeld etablering av permanent massedeponi for sprengstein på Dalehagen som i ein periode vil fungere som riggområde med drift av knuseverk og mellomlager for bunnrenskmassar.
Informasjon
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg på til høgre på denne sida. I løyvet er det referanser til andre dokument/rapportar.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/4960