Rv. 555 Sotrasambandet

Høyringar om søknad til løyve, og løyve etter forureiningslova knytt til Rv. 555 Sotrasambandet finn du her. Statens vegvesen er byggherre og Sotra Link gjennomfører prosjektet, i eit offentleg-privat samarbeid.

Prosjektet består av fleire delstrekningar

Sotrasambandet er delt opp i 11 delstrekningar (A1 til A11) og omfattar ca. 9,4 km firefeltsveg frå Storavatnet i Bergen til Kolltveit i Øygarden kommune. Ca. 4,6 km av prosjektet går i tunnel, fordelt på fire tunnelar;

  • A2 Kolltveittunnelen,
  • A4 Straumetunnelen,
  • A6 Knarrvikatunnelen og
  • A10 Drotningsviktunnelen.

Prosjektet inkluderer ei ny firefeltsbru på ca. 900 m (A8), med separat gong- og sykkelveg. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet (over Bildøystraumen, Straumssundet og Arefjordpollen). Det nye vegsystemet får eigne felt og ramper for kollektivtrafikk og gang- og sykkeltrafikk. Anleggsarbeida starta hausten 2022 og det er planlagd at området skal opnast for trafikk i 2027, med ei byggjetid på fem år.

Vis mer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 29.04.2024

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Arefjordpollen Øygarden kommune - Rv 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 26. april 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Arefjordpollen i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet. 


Publisert 04.03.2024

Kunngjering endra løyve anleggsarbeid delprosjekt A9 Stiavatnet Rv. 555 Sotrasambandet

Statsforvaltaren endra 4. mars 2024 løyvet til Statens vegevesen for delprosjekt A9 Stiavatnet i Bergen kommune.


Publisert 12.02.2024

Kunngjering av løyve til gjenbruk av massar i trafikkareal - Mustadvatnet Øygarden

Statsforvaltaren ga 9. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen. Løyvet regulerer gjenbruk av lettare forureina massar i vegkropp/trafikkareal for etablering av Rv. 555 Sotrasambandet. Massane kjem frå nedtapping av Mustadvatnet og skal plasserast på gnr/bnr 41/34, 40/111 m.fl.


Publisert 09.10.2023

Kunngjering av løyve for anleggsarbeid i sjø - Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 9. oktober 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø i Bildøystraumen og Straumsundet i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.


Publisert 28.06.2023

Kunngjering av løyve til graving i forureina grunn i Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet

Statens vegvesen fekk 28. juni 2023 løyve etter forureiningslova til graving i forureina grunn i Øygarden kommune. Løyvet gjeld graving i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.


Publisert 21.06.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv. 555

Statens vegvesen fekk 16. juni 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid knytt til Rv. 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storavatnet og Stovevatnet i Øygarden kommune.


Publisert 13.04.2023

Kunngjering av løyve til anleggsarbeid Sotrasambandet Rv 555 Statens vegvesen

Statens vegvesen fekk 12. april 2023 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider knytt til Rv 555 Sotrasambandet. Løyvet gjeld tiltak i Storatatnet og Stiavatnet i Bergen kommune.