Ny kunnskap om tilstanden i Hardangerfjorden

I 2024 starta Statsforvaltaren eit tre-årig overvakingsprogram for Hardangerfjorden. Årsrapporten for 2024 er no klar. Den syner at miljøtilstanden i fjorden ikkje når måla i vassdirektivet.
I september 2024 var Statsforvaltaren uroa for at miljøtilstanden i Hardangerfjorden synte ei negativ utvikling. Samstundes var overvakingsprogrammet «Marin overvaking Hordaland» i regi av Blue Planet avslutta. For å kunne supplere anna overvaking starta Statsforvaltaren eit fleirårig overvakingsprogram i 2024, og innsamling av viktige tidsseriar med data kunne dermed halde fram. Målet med overvakingsprogrammet er å skaffe viktig informasjon og kunnskap om den samla belastninga av Hardangerfjordsystemet og korleis fjorden toler dagens utslepp.
Overvakinga tek for seg mange ulike miljøparametrar
Overvakinga dekkjer fjordområde frå Eidfjord til Bømlo og inkluderar analyse av næringssalt, klorofyll a, hydrografi, blautbotnsfauna, miljøgifter i sediment, og dessutan makroalge- og ålegras-samfunn. Totalt er 17 vassførekomstar undersøkte, og det er gjennomført nærsonevurderinger for 12 aktørar.
Ikkje berre god miljøtilstand
Overvakingsprogrammet avdekkjer store variasjonar i økologisk og kjemisk tilstand i Hardangerfjorden. Av 17 vassførekomster som inngår i overvakingsprogrammet, er det 10 som blir karakteriserte med moderat (7) eller dårleg (3) økologisk tilstand. Det er spesielt dei indre delane av fjordsystemet som hamnar i dårleg økologisk tilstand. Alle vassførekomstane har dårleg kjemisk tilstand. Dårleg kjemisk miljøtilstand har fleire årsaker, ei av dei er dei historiske utsleppa frå industrien i Sørfjorden.

Figur 1: Det er varierande økologisk tilstand i dei undersøkte områda. Alle områda har dårleg kjemisk tilstand. Figuren er henta frå rapporten.
Den negative utviklinga i oksygeninnhald held fram
Oksygenmålingane i 2024 syner at den negative utviklinga fortset. Måleseriane frå 2016 syner at nedgangen har vore kontinuerleg.
Redusert oksygeninnhald i dei djupe fjordbassenga heng saman med klimaendringane, noko m.a. Havforskingsinstituttet og NIVA har synt i rapportar dei siste åra. Klimaendringane fører til at fjordane våre får redusert kapasitet for å ta i mot store utslepp av organisk materiale.
Figur 2: Oksygeninnhald i djupvatnet (nederste del av vassøyla) i Samlafjorden og Sildafjorden. Fargesøyla viser tilstandsklassane. Data er lasta ned frå Miljødirektoratet si database Vannmiljø. Data frå Økokystprogrammet i Samlafjorden for 2024 er ikkje tilgjengelege enno.
Fluoroscens som eit mål på Klorofyll a
Alle undersøkte stasjonar viste svært god tilstand for planteplankton basert på fluorescens. Dei neste to åra og vidare overvaking vil vere viktig for å følgje med på utviklinga.

Figur 3: Målingane for fluoroscens viser svært god tilstand for 2024.
Gradienten går framleis i feil retning, og vi må følgje med. Vi har også teke inn ein ny parameter i overvakinga for å undersøkje mogleg overgjødning av fjorden, nemleg «komboindeksen».
Ny måleindikator «komboindeks»
Dette tre-årige overvakingsprogrammet for Hardangerfjorden har teke i bruk nye målemetodar for å kunne avdekkje eutrofiering. Denne «komboindeksen» ser på artsrikdomen av makroalgar på større djupnar enn det som var vanleg tidlegare. Indeksen legg vekt på førekomst av lurv ned til 30 meter djupne.

Figur 4: Døme på tong som er dekt av lurv. Her frå stasjon 5 – Sild. Auka mengde trådalger, eller lurv som det òg kallast, kan vere ein indikasjon på at det skjer eutrofiering i fjorden. Bilete er henta frå rapporten.
Det vert observert lurv på alle stasjonane, men det var ei tydeleg skilnad mellom ytre og indre delar av Hardangerfjorden. Det vil bli gjennomført ein ny runde med komboindeks i 2026 for å vurdere om funna var spesielt for 2024 eller om dette er ein stabil tilstand for fjorden.
Tabell 1: Målingar viser at indre Hardangerfjord har ei høgare grad av eutrofiering enn midtre og ytre Hardangerfjord
Ny rapport om miljøtilhøva er venta innan sommaren
Miljødirektoratet har set i gang eit arbeid med kunnskapsinnhenting om miljøtilstanden i Hardangerfjorden. Vi har fått signal om at ei kunnskapsoppsummering kan ventast innan sommaren 2025.
Ein del av oversikten over miljøtilstanden i kystvatn i Vestland
Undersøkingane i Hardanger er ein del av eit større nettverk av overvakingsprogram i Vestland som skal gi ei samanhengande og omfattande oversikt over den økologiske og kjemiske tilstanden i kystvassførekomstane. Meir informasjon om dette arbeidet, og alle rapportane, finn du i nettsaka vår om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.