Vi startar opp overvaking i Sognefjorden
I januar 2025 er det oppstart av overvakingsprogrammet som skal gå i Sognefjorden dei neste tre åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden i fjorden.
Program for å overvake tilstanden i vatnet rundt oss
Overvakingsprogrammet er utarbeidd av Statsforvaltaren som del av vårt embetsoppdrag og krava som ligg i vassforskriftas § 18 og vedlegg V Kap. 1.3 om å sørge for gode og heilskaplege overvakingsprogram for å kartlegge og overvake tilstanden i vassførekomstane våre. Overvakingsprogrammet ligger i lenke i høgremargen, eller under om du les saka på mobiltelefon eller nettbrett.
Verksemder får pålegg om deltaking i spleiselag
Alle verksemder med løyve frå oss, eller som er forskriftsregulert med utslepp til sjø, får pålegg frå oss om deltaking i eit spleiselag for å dekke kostnadane til programmet. Varsel om pålegg vil gå ut i løpet av januar/februar 2025. Kommunane og verksemder regulert av Miljødirektoratet vert og invitert inn i spleiselaget med lik fordeling av kostnader. Statsforvaltaren går inn med omtrent 50 % av den totale kostnaden.
Det vert òg tatt prøver av sidefjordar
I tillegg til eit overvakingsprogram som dekker heile hovudfjordsystemet vil det samtidig bli tatt prøver i sidefjordar for å undersøke påverknad frå spesifikke kjelder. Desse stasjonane blir dekka av verksemder sjølv og/eller kommunane. Desse prøvepunkta er ikkje vist i dette kartet.
Vi skal ta vassprøver og prøver av sjøbotn
I Sognefjorden skal vi i tillegg til å ta vassprøver av næringssalter, klorofyll og måle oksygen i botnvatnet, gjere undersøkingar av fjæresone og makroalgar i sjøsone for å sjå etter teikn på eutrofiering (overgjødsling). Vi skal òg ta prøver av sjøbotn for å undersøke belastninga av miljøgiftar og om dyra som grev og lever i sediment på botn har gode levevilkår.
Første rapport kjem i 2026
Første rapport vil bli levert på nyåret 2026 og vil då innehalde alle data på sedimentovervakingsdelen, altså botndyr og miljøgifter. Samtidig vil første del av vassovervakinga bli presentert. Overvakinga er ikkje komplett før etter tre år. Trykk på denne lenkja om du vil lese meir om kva som skal overvakast, og lenkje til rapportane så snart dei er klar, som ligg i vår samlesak om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.
Vassforskrifta skal hjelpe oss å ta vare på vatnet
Vassforskrifta er eit verktøy for å ta vare på alt vatnet rundt oss, anten det er ein bekk, ei elv, ein innsjø, ein fjord eller ei kyststrekning. Om du lurer på korleis vassforskrifta påverker kvardagen vår, finn du meir informasjon ved å følgje denne lenkja.