Landsdekkande tilsynsaksjon med brannøvingsplassar
Statsforvaltaren gjennomfører tilsynsaksjonen på oppdrag frå Miljødirektoratet. Føremålet er å kontrollere at brannøvingsplassane overheld relevant regelverk og at det ikkje foregår ulovleg utslepp av perfluorerte stoff.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til PFAS
Perfluorerte stoff (PFAS) er syntetiske stoff som kan finnast i brannskum som vert brukt til å sløkke brann i flytande brennstoff (til dømes oljer, plast og alkohol) og gass. PFAS kan bli spreidd over store område via bekkar, elver og reinseanlegg i samband med brannsløkking. Brannskum vert rekna som den største enkeltkjelda til utslepp av PFAS til ytre miljø, grunna manglande oppsamling og reinsing av sløkkevatn.
Tidlegare undersøkingar har vist at mange aktive og nedlagde brannøvingsplassar er forureina med PFAS.
PFOS og PFOA er forbode i produkt
Fleire PFAS-er er oppført på myndigheitene si prioritetsliste, men berre to stoff, PFOS og PFOA, er så langt forbode i produkt.
Tema for aksjonen
Bruk av PFAS-haldig skum til brannøving krev løyve frå forureiningsmyndigheitene. Brannøvingsplassar skal vere utforma på ein slik måte at det er mogleg å samle opp brukt brannskum og sløkkevatn. Slik kan ein hindre spreiing av brannskum til grunnen.
Desse forholda er spesielt viktige i aksjonen:
- Kontrollere om PFAS-haldig brannskum blir brukt
- Kontrollere om verksemdene overheld regelverk for brannøvingsplassar
- Bidra til å redusere ulovleg utslepp av PFAS
- Sikre lik praksis i handtering av brannøvingsplasser
Dette er første gang det vert gjennomført ein nasjonal tilsynsaksjon med brannøvingsplassar.
Aksjonen vert gjennomført i perioden 22. august - 30. september 2022.
Kontaktpersoner
-
Anette Heggøy
Tlf: 55 57 23 05 / 55 57 23 05