La bosset liggje i Kvernavika og Rekevika
Ved Kvernavika i Austevoll og Rekevika i Kinn skal kvar plastbit teljast for å betre kunnskap om marin forsøpling.
Ved dei to vestlandsstrendene må du la vere å plukke boss som har kome i land sjøvegen. Strendene er ein del av ei nasjonal styrking av overvakingsprogrammet av strandsøppel.

Overvaking av strandsøppel er ein del av eit internasjonalt program
I Noreg er det Miljødirektoratet som koordinerer overvakinga. Overvakinga skjer ved 15 norske strender langs norskekysten og Svalbard, og inngår i eit nettverk av tilsvarande overvakinger av strender i mange andre land. Arbeidet er knytt til Oslo-Paris-konvensjonen (Ospar), som jobbar regionalt for å hindre forureining i havet, og verne økosystem og det biologiske mangfaldet.
Ved å late vere å plukke boss som har kome i land ved dei utvalde strendene vil ein kunne få innsikt i status og trendar i havområda våre.
Les meir om overvakinga på Miljødirektoratet sine nettsider.
Ta likevel med deg tilført boss
Hugs at du sjølvsagt må ta med deg eige boss ved besøk ved desse og andre strender.