Høyringssvar til forslag til ny gjødselvareforskrift

Hender som holder organisk avfall
Det er mange ulike typar organisk avfall som kan brukast som gjødselvare. Det er viktig å ta vare på og gjenbruke næringsstoffa i organisk avfall, samstundes som ein unngår forsøpling og forureining. Foto: Pannarai Nak-im / Illustrasjonsbilete: Pixabay .

Det er auka interesse i marknaden for bruk av avfall og biprodukt inn i gjødselvareproduksjonen. Vi har gitt uttale til forslag til ny gjødselvareforskrift. 

Publisert 26.06.2024

Vi påpeikar fleire moment i vår uttale til forslag om ny gjødselvareforskrift. Vi meiner:

  • det er bra at regelverket knytta til ureinheiter i gjødselvarer (til dømes tungmetall og plast) vert skjerpa inn
  • at forbod mot fortynning må inn i forskriftsteksten når det gjeld plast, andre ureinheiter og forureiningar (fortynning betyr at urein masse vert blanda med rein masse for at ureininga i sluttproduktet ikkje skal bli for høg)
  • at P-AL talet i anleggsjord er sett alt for høgt i forslaget til ny gjødselvareforskrift og medfører fare for avrenning av fosfor
  • det må takast med at anleggsjord ikkje kan brukast i djupne til meir enn 30-40 centimeter (så langt planterøtene rekk)

To forskrifter om gjødsel har vore ute på høyring no i vår

Når det gjeld gjødselregelverket er det kome ut to ulike forskrifter på høyring no i vår. Den eine er gjødselbrukforskrifta. Den andre er gjødselvareforskrifta. 

Vi har gitt uttale både til forslag til ny gjødselbrukforskrift og forslag til ny gjødselvareforskift. 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kva er P-AL?

P-AL-verdien er eit mål på innhaldet av plantetilgjengeleg fosfor i jorda. P-AL vert oppgitt som mg P/100 g jord.

Ved P-AL i området 7-14 kan jorda dekke ein del av plantene sitt behov, og ved P-AL over 14 kan jorda dekke heile fosforbehovet. Ved P-AL over 14 er anbefalinga at fosforgjødsling kan utelatast.

Fosfor er i utgangspunktet sterkt bunde til jordpartiklar. Det er fare for tap av fosfor frå jord til vassdrag når P-AL vert høgt. P-AL i jorda over 14 vert rekna for å være "meget høyt".    

Overgjødsling har negativ effekt på vatnkvalitet. Målet er at fosforgjødling i mest mogleg grad stemmer med det som trengst/vert tatt ut/vert hausta.