Revisjon av fisketider

I 2021 blir det nye forskrifter for fiske etter laksefisk i elv og sjø. Arbeidet med revisjonen har starta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2020

For at det skal vera lov å fiske laks og sjøaure i vassdrag, må det vera opna for det i  forskrift. Det same gjeld for fiske etter laksefisk med fastståande reiskap i sjø. Kvart 4. - 5. år vert forskriftene for fiske i vassdrag og sjø revidert. 

Regional prosess 

Lokale fiskerettshavarlag/grunneigarar er invitert til å komme med forslag til eventuell ny fisketid i sitt vassdrag. Det er ein føresetnad at lokal forvaltning er godt organisert, og/eller har god forvaltning. Fristen for dei lokale laga å komme med innspel til Fylkesmannen er 27. mars. Fylkesmannen vurderer dei innkomne forslaga og sender dei til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet utarbeider forslag til forskrift på bakgrunn av ny kunnskap og dei innkomne innspela. I veke 24 vert forskrifta sendt på høyring, og alle kan komme med innspel.

Fangstrapportering

Vassdrag som ikkje leverer fangstrapport vert stengt/ikkje opna. Om de som fiskerettshavarar ønskjer å ha fiske etter laks og sjøaure i vassdraget frå 2021, må de levere fangstrapport. 

Sjø

Fiske etter laksefisk i sjø med fastståande reiskap, er ikkje del av den regionale prosessen som går no. 

Meir informasjon om fisketidsreguleringane kan du finne på Miljødirektoratet sine sider.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.