Tiltak i laksefisket i Vestland

Laks på bunn av elv
Innsiget av mellomstor og stor laks er framleis urovekkjande svakt. Mellomstor og stor laks er spesielt viktige då ein stor del av dei er holaks, som har mykje egg og produserer mange lakseunger. Foto: Tore Wiers / Norce LFI.

I Vestland blir fem av dei stengte elvane opna for fiske. Det er framleis ikkje lov å fiske med fastståande reiskap, og det opnast ikkje for fiske etter laks med stong og handsnøre i sjø. Vedtaket gjeld frå og med 11. juli 2024. 

Publisert 10.07.2024

Endringar i tiltak i laksefisket

Miljødirektoratet fastsett nye reglar for laksefiske i sjø og elv, som blir gjeldande frå og med torsdag 11. juli 2024. 

Opning av laksefiske i utvalde vassdrag

Av dei 33 stengte elvane blir 16 vassdrag opna for fiske. I Vestland blir Oselva, Daleelva, Åelva og Ommedalselva, Gaula og Hjalma opna for fiske med strenge føringar. 

Fiske i sjø med fastståande reiskap

Det blir ikkje opna for fiske etter laks og sjøaure med kilenot eller lakseverpe i Vestland (Nordfjord og Dalsfjorden). 

Fiske etter laks i sjø med stong og hansnøre

Det opnast ikkje for fiske etter laks med stong eller håndsnøre i sjø, i Vestland. All laks som fangast skal straks, og på ein skånsam måte, setjast ut att i sjø.  

Meir informasjon om endringane

Sjå Miljødirektoratet si nettside: 

https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2024/juli-2024/laksefiske/

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.