Spreiing av framande fiskeartar aukar i Vestland
Spreiing av framande fiskeartar er eit aukande problem i Vestland. Vi treng hjelp til å hindre vidare utsettingar, og til å spreie informasjon om kor stor skade desse fiskeartane har på vassdragsnaturen i fylket.
Denne artikkelen er også tilgjengeleg på engelsk (English) og polsk (polski).
Spreiing av framande fiskeartar
Spreiing av framande fiskeartar er ein av de mest alvorlege trugslane mot stadeigen ferskvassfisk, og anna naturmangfald i ferskvatn. Utsetting av framand ferskvassfisk, og bruk av levande fisk som agn er hovudårsakane til spreiing, i følgje ein nyleg rapport om spreiingshendingar for perioden 2013-2020 (NINA-rapport nr. 2099).
Kva er ein framand fiskeart?
Ein framand fiskeart er ein art som har blitt spreidd til eit nytt område med menneskeleg hjelp. Framande artar kan delast inn i nasjonale og regionale artar. Ein nasjonalt framand art er ein art som kjem frå land utanfrå Noreg. Dersom ein art er regionalt framand, førekjem den naturleg i delar av landet, men er blitt spreidd til nye område, som til dømes ørekyt og gjedde.
Konsekvensar av framande fiskeartar
Framande fiskeartar er ein stor trugsel mot økosystem i ferskvatn, og globalt er ferskvatn det økosystemet med flest truga artar. Konkurranse om plass og ressursar, gjer at framande fiskeartar fortreng dei stadeigne artane, og kan i verste fall føre til ei lokal utrydding. Mangel på naturlege fiendar kan gjere at introduserte fiskeartar aukar i stor omfang, og kan valde stor skade på habitat til anna fisk (NINA-rapport nr. 1924). Gullfisk og karpe kan spreie sjukdommar og parasitter som bendelmark. Gjedde kan gjere store innhugg i laksefiskbestandar. Ørekyte et næringsdyra til auren, som kan føre til stor nedgang i aurebestandar.
Kva problem har vi i Vestland?
Vi får stadig nye meldingar om observasjonar av karpe, abbor, gullfisk og gjedde i vassførekomstar der dei ikkje har vore observert tidlegare. Særleg i de kystnære kommunane i sørleg del av Vestland, får vi meldingar om observasjonar av framand fisk. Utsetjingane av framand fisk skjer ofte om natta for å unngå å bli oppdaga.
Kva kan ein gjere?
For å bli kvitt framande fiskeartar har det blitt prøvd ut metodar som utfisking, rotenonbehandling og tapping av dammar, med påfølgjande el-fiske eller spreiing av ammoniakk. Utfiske kan redusere førekomsten av framand fisk. Utfisking bidreg til å hindre vidare spreiing til nye vassførekomstar, og kan avgrense den skadelege verknaden på stadeigne artar. Metoden har likevel ikkje like god effekt som behandling med rotenon.
Rotenon har gjeve gode resultat med å fjerne uønska fiskeartar. På kort sikt er behandlinga skadeleg for botndyr, men studiar viser at dei fleste artane er tilbake etter berre eit år. Statsforvaltaren har tidlegare rotenonbehandla vassførekomstar på Hardangervidda for å fjerne ørekyt. Ørekyt er ein regionalt framand art på Vestlandet, som har spesielt negativ effekt på aure. Vi har søkt om å behandle eit vatn med rotenon på Hardangervidda i år, kor ørekyt har blitt observert. Med denne behandlinga kan vi hindre at øyrekyten spreiar seg ytterlegare.
Metoden med utfisking har som fordel at det ikkje utgjer noko skade på andre artar i vassførekomsten. Tiltaket er også lett å utføra, samanlikna med meir omfattande behandling med rotenon. Dette er tiltak som kan utførast av frivillige, og gjennom organising av kommunar og fiskarlag. Sjølv om metoden ikkje gjev eit like stort uttak som rotenon, gjer den lave terskelen for gjennomføring av tiltak, at behandlinga likevel kan ha stor samla effekt.
Meld ifrå!
Framande fiskeartar kan ha negative økologiske konsekvensar for vassførekomstar. Registreringar av framande fiskeartar bør difor registrerast i vann-nett/vassmiljø av Statsforvaltaren. Ta gjerne kontakt med kommunen ved observasjonar av framande fiskeartar. Dei kan ha ressursar til å følgje opp og koordinere tiltak. Eventuelt kan det vere lokale jeger- og fiskarlag som bidra.
NINA kartlegg spreiing av framande fiskeartar og bør kontaktast om nye observasjonar av framand fisk. Gi informasjon om vassdrag, kommune, storleik og tal for fisken, tidspunkt for observasjon og korleis observasjonen vart gjort (har du fiska eller sett fisken?). Sjå meir informasjon på NINA si nettside: https://www.nina.no/Naturmangfold/Fremmede-arter/Fremmede-ferskvannsfisk.
Fylkeskommunen har tilskot til tiltak. I tillegg kan ein søkje Miljødirektoratet på tilskotsordninga «Tilskudd til tiltak mot fremmede organismer» i elektronisk søknadssenter, med frist 15. januar.
Del informasjon
Det viktigaste ein kan gjere er å spreie informasjon om konsekvensane av framande fiskeartar, for å hindre nye utsettingar av framand fisk. Del gjerne denne nettsaka, eller set opp skilt med informasjon.
Denne nettsaka finst også i engelsk og polsk versjon, omsett av Chat GPT.
Relevant litteratur
- Artsdatabanken, 2018. Fremmedartslista 2018
- Pukkellaks i Norge, 2019. NINA Rapport 1821
- Hesthagen, T. & Sandlund, O.T. 2017. Spredning av gjedde. Ødeleggende for aurebestander. NINA Fakta 2-2017
- Hesthagen, T. & Sandlund, O.T. 2017. Spredning av ørekyt. Ødelegger aurevatn. NINA Fakta 3-2017
- Hesthagen, T. & Sandlund, O.T. 2022. Spredning av nasjonalt og
regionalt fremmed ferskvannsfisk i perioden 2013-2021. NINA
Rapport 2099 - Fremmed ferskvannsfisk skader norsk natur. Publisert 21.06.2019
- NINA, 2021. Utredning av tiltak mot fremmede ferskvannsarter i Norge. NINA rapport 1924