Fiske i vassdrag

Laks og sjøaurefiske i vassdrag

Fiskararvgift

Alle som har fylt 18 år og som skal fiske etter laks og sjøaure i elvane må betale fiskaravgift til staten.

Fiskekort

Før fisket startar må du kjøpe fiskekort eller innhente fiskeløyve hjå fiskerettshavaren. Den som sel fiskekort eller gjev løyve til fiske, har plikt til å forvisse seg om at fiskaravgifta er betalt.

Lovlege reiskap

Det er berre lov å fiske med stang og handsnøre. Følgjande agn er lov: mark, sluk, spinner, wobbler og flue.

Krokstorleik

Det er ikkje lov å rykke/krøke fisk, og difor er det innført reglar om krokstorleik. Avstanden mellom krokstamme og krokspiss kan vere maksimalt 13 mm, og for enkeltkrok maksimalt 15 mm.

Talet på reiskap

Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Det vil sei at det kan brukast to fluer på fortommen, eller ei opphengarflue over sluken. Ved fiske frå båt er det lov å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

Fisketider

Fisketidene for fiske etter laks og sjøaure i alle vassdrag er regulert i den landsdekkjande forskrifta, sjå:

Det er elles lov å fiske heile året etter laksefisk i nokre kraftverkskanalar og fossar, sjå: 

 

Det er lov å fiske innlandsfisk i innsjøar, sjå: 

Forbode å bruke fisk som levande agn

Det er forbode å bruke fisk som levande agn i vassdrag i Noreg. Forbodet er for å hindre spreiing av uønska fiskeartar, og av dyrevernmessige omsyn. Om du oppdagar at fiskarar brukar levande fisk som agn, bør du melde det til Politiet eller Statens naturoppsyn.

Lokale fiskereglar

Lov om lakse- og innlandsfisk med tilhøyrande sentrale og lokale forskrifter set dei ytre rammene for fisket. Rettshavarane kan fastsetje eigne lokale fisketider innanfor desse rammene. Det er fiskaren sitt ansvar å setje seg inn i dei reglane som gjeld. 

Rapportering

Alle som fiskar skal rapportere. Den som eig fiskerett til laks, sjøaure eller sjørøye har plikt til å sende inn rapport om fangsten seinast ein månad etter at fisket er slutt. Det skal rapporterast både om avliva fisk og gjenutsett fisk. Rapporteringa skal gjerast på det sentrale registeret fangstrapp.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner