Fisket stenger i Vestland

Laks gjenutsetting
Fisket stenges i fleire vassdrag, og i to fjorder i Vestland. Foto: Tore Wiers / Tore Wiers.

Fiske etter anadrom fisk stenger i 12 vassdrag, og i Nordfjord og Dalsfjorden, i Vestland. Stenginga gjeld frå og med 23. juni 2024. Det er heller ikkje tillete å fiske laks i sjøen med stong eller handsnøre. 

Publisert 22.06.2024

Fiske etter laks og sjøørret stenger i Vestland

Fiske i vassdrag

Grunna historisk lågt innsig av laks, blir fisket stengt i fleire vassdrag frå kl. 24:00 den 23. juni 2024. I Vestland gjeld stenginga desse 12 vassdraga, og gjeld både for laks og sjøaure:

045.2Z Uskedalselva
052.7Z Steinsdalselva
055.7Z Oselva
071.Z Nærøydalselva
077.3Z Sogndalselva
079.Z Daleelva
083.Z Gaula i Sunnfjord
084.7Z Nausta
086.Z Åelva og Ommedalselva
087.Z Gloppenelva
088.Z Strynselva
089.4Z Hjalma

Sjå meir informasjon i pressemeldinga til Miljødirektoratet: Laksefisket stanses i deler av landet fra 23. juni - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Fiske etter innlandsfisk i innsjøar med laks og sjøaure

Fiske etter innlandsfisk er framleis tillatte i innsjøar i Vestland, med unntak av nokre vassdrag som er lista opp i forskrifter der det ikkje er lov (sjå lenkjer under). Når ein skal fiske innlandsfisk i innsjøer med anadrom fisk, må ein halde seg 100-meter i frå inn- og utløp til elver med anadrom fisk. 

Sjå reglane for fiske etter innlandsfisk i innsjøer i anadrome vassdrag her:

Forskrift om innlandsfiske, Hordaland

Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane

Sjølaksefiske i Nordfjord og Dalsfjorden

I Vestland har det berre vore ope for sjølaksefiske i Dalsfjorden og Nordfjord sidan 2021. Sjølaksefiske i Dalsfjorden og Nordfjord blir også stengt for fiske frå og med 23. juni 2024 kl. 24:00. Stenginga gjeld for både laks og sjøaure. Sjølaksefiskarar som har registrert seg for fiske i år, skal ha fått beskjed om stenginga per sms. 

Fiske med stong og handsnøre i sjø

Det er heller ikkje tillete å fiske laks i sjøen med stong eller handsnøre på strekninga frå grensa mot Sverige i sør, til og med Trøndelag i nord. Dette gjeld ut 2024. All laks som fangast i fiske med stong og handsnøre skal straks, og so skånsamt som mogleg, setjast tilbake i sjø. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.