Biogassaker er sende til Miljødirektoratet

Statsforvaltaren i Vestland gav hausten 2024 løyve til tre biogassanlegg. Alle verksemdene klaga på vilkåra i løyvet. No er to av sakene sende til Miljødirektoratet for klagehandsaming, medan ei av verksemdene har trekt klagen.  

Publisert 09.04.2025

Dei to klagene som er sende til Miljødirektoratet gjeld BIR sitt anlegg på Voss og Renevo sitt anlegg på Stord. Dei klagar mellom anna på krav til luktmålingar, krav til kva type avfall dei kan ta imot, og krav til mottakskontroll. Det største og mest prinsipielle temaet i klagene er at bioresten er klassifisert som avfall og korleis denne skal nyttast.  

Bioresten er næringsrik og det er viktig at den kjem til nytte, til dømes som gjødsel i landbruket. I Vestland og dei andre fylka med mykje husdyrhald, er det eit stort overskot av fosfor i matjorda. Det er fare for forureining dersom det blir tilført meir fosfor enn det plantane kan ta opp, og dette kan føre til overgjødsling av vassdraga våre.  

Verksemdene klagar også på sakshandsamingsfeil og urettvis forskjellshandsaming. Statsforvaltaren har handsama sakene etter gjeldande regelverk og sett vilkår med heimel i forureiningslova. Vilkåra vart sett etter vurderingar av lokale og regionale tilhøve, erfaringar med biogassanlegg og kva som er rekna som beste tilgjengelege teknikk (BAT).  

Statsforvaltaren har gjort ei grundig vurdering av klagene. Vilkåra er sett for å sikre gjenvinning og å beskytte jord og vassdrag mot forureining. Vi er særleg opptatt av å unngå forureining frå fosfor, at matavfallet vert materialgjenvunne, og at det ikkje vert tilført plastrestar til matjorda. På andre punkt har vi komme fram til at det kan vere grunnlag for å endre vilkåra, dette gjeld mellom anna for kva type avfall verksemdene kan ta imot. Miljødirektoratet får no oversendt klagene og skal vurdere alle sider av saka.  

Den siste klagen var frå Hardanger Biogass i Kvinnherad. Etter dialog med Statsforvaltaren har verksemda trekt klagen og sendt inn ein søknad om endra løyve. Endringane det vert søkt om er rekna som mindre endringar, utan krav til ny høyring. Vi har no endra løyvet til verksemda.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.