Nytt forureiningsregelverk for akvakultur av fisk i sjø

Laks i merd. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel er tillate utan særskild løyve etter forureiningslova.

Publisert 03.04.2024, Sist endret 17.06.2024

Vilkår i løyve etter forureiningslova for å førebyggje og redusere forureining og avfallsproblem frå akvakultur erstattast av standardkrav i akvakulturdriftsforskrifta. Dei nye krava i akvakulturdriftsforskrifta til drift, overvaking og rapportering vil bidra til at næringa får standardiserte krav som er oppdaterte og tilpassa dagens kunnskap om miljøpåverknad frå fiskeoppdrett i sjø.

Rettleiing

Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet arbeider no med å lage rettleiing til det nye regelverket. Dette vil verte publisert fortlaupande av direktorata.

Webinar om forureiningsregelverket for havbruk

Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet inviterte havbruksnæringa til webinar der vi informerte om regelverket og nye krav til miljøundersøkingar.

Du kan sjå webinaret i opptak og laste ned presentasjonen ved å følgjande lenkje: Forurensningsregelverket for akvakultur i sjø - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)

Kva er omfatta av det nye regelverket

Tradisjonelle, opne akvakulturanlegg av fisk i sjø ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Forskriftene gjeld ikkje fangstbasert akvakultur, drift av restitusjons- og mellomlagringsmerdar for levendelagring av villfanga fisk og oppbevaring av matfisk i slaktemerdar ved slakteri.

Når regelverket vart sett i kraft

Det nye regelverket vart sett i kraft 2. februar 2024, og har verknad frå kunngjeringstidspunktet 5. februar 2024.

Unntak: Dei nye krava om rapportering av opplysningar om fôr, forbruk av legemiddel og bruk av notimpregnering i akvakulturdriftsforskrifta § 44 tredje ledd har utsett tidspunkt for når dei vert sett i kraft. Direktorata treng noko tid på å få på plass ei rapporteringsløysing og deling av data. Desse krava vert difor sett i kraft når KLD og NFD bestemmer det, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 70 ellevte ledd.

Kva forskrifter som er omfatta av endringane i regelverket

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.