Støtte til drift av beitelag
I Hordaland og Sogn og Fjordane er det over 300 000 beitedyr i utmarka. Til saman er det over 200 beitelag, som er med i organisert beitebruk. Beitelaga gjer ein stor jobb med å få til fellestiltak og er gode på å ta i bruk ny teknologi, som hjelper med å få ned tap på beite.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskot til drift av beitelag er ein del av dei regionale miljøtilskota i landbruket (RMP). Føremålet med tilskotet er å stimulere til samarbeid om beiting, slik at beiteressursane i utmark vert godt nytta og for å redusere tap av dyr på utmarksbeite.
Beitenæringa har ei viktig rolle på mange område. Beitande husdyr sørgjer for eit meir ope og levande landskap. I tillegg set beitelaga i gang mange tiltak som også er nyttige for vanleg turgåarar slik som til dømes bygging av bruer.
For informasjon om RMP og drift av beitelagag, sjå nettartikkel Regionalt miljøprogram