Hugs teljedato og søknadsfrist for produksjonstilskot i mars

1. mars er teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjons- og avløysartilskot. Same dag opnar søknadssystemet, med frist for å søkje 15. mars.
Frå 1. mars kan du logge inn i søknadssystemet og leggje inn dyretal som skal registrerast i søknaden no i mars. Fristen for å søkje er 15. mars. Har du søkt innan fristen, kan du endre opplysningar eller leggje inn nye opplysningar innan 29. mars. Ver merksam på at om du leverer førstegongssøknad i tida mellom 15. og 29. mars vil det gje eit trekk i utbetalinga på kr 1 000 for kvar dag etter 15. mars.
Du finn meir informasjon om søknaden her.
Sjå gjennom kvitteringa du får når søknaden er levert. Då kan du sjekke om alle opplysningar er kome med, eller om noko er registrert feil i søknaden.