Fordeling av klima- og miljømidlar 2021
Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2021. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltararen tildeler kvart år ein sum til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om utfordringar og tiltak innan temaa klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø og kulturlandskap. Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og gje oppdatert rådgiving til næringa. Forskings- og utgreiingsinstitusjonar og fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte.
I år fekk Statsforvaltaren 11 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 1,8 mill. kroner. Av desse vart ni søknadar prioriterte for tilskot. Tilskota ligg i spennet mellom 19 000 og 175 000 kroner, og utgjer til saman 1 mill. kroner. Prosjekta som fekk tilskot representerer fagområde som reduksjon av klimagassutslepp, kurs og utprøving av verktøy knytt til klimakalkulatoren, god agronomi, utprøving av organiske gjødselslag og tiltak mot landbruksplast.
Desse prosjekta har fått støtte:
Prosjekt | Søkjar |
Nitrogeneffektivitet ved miljøriktig bruk av husdyr-gjødsel til eng (Kort: Husdyrgjødsel og N-effektivitet) | NIBIO Fureneset |
Kurs i fornybar energi for gårdbrukere | Det Kongelige Selskap for Norges Vel |
Innføringskurs i klimakalkulator | Norges Bondelag |
Utprøving av klimakalkulatoren i potet | Norsk landbruks-rådgiving Vest |
Kunnskap om organiske gjødselslag og jordforbetringsmiddel | Norsk landbruks-rådgiving Vest |
Vestlandsbonden - Ein NLR Vest-podkast | Norsk landbruks-rådgiving Vest |
Forum landbruksplast |
Bioregion Institute AS |
Betre agronomisk drift og reduserte klimagassutslepp frå drenert myrjord | NIBIO Fureneset |
Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket | Norges Bondelag |