Rekordhogst i Vestland 2024

Med særs høge tømmerprisar som drahjelp vart også avverkinga i Vestland rekordhøg i 2024.
Fjordtømmer og Nortømmer auka sine marknadsdelar frå i fjor, og auken her har vore ein del av forklaringa på høg hogstaktivitet i skogen. For fyrste gong har ein kommune i Vestland passert 100 000 m3 i hogst. I Alver kommune vart det hogd om lag 118 000 m3. Mest halvparten av dette volumet kom frå ein skogeigar.

Uttak med taubane i 2024 utgjorde rundt 22 000 m3. Dette er ein nedgang frå dei to føregåande åra, som begge åra låg på om lag 34 000 m3. Det står framleis mykje hogstmogen skog i bratt terreng på vestlandet.
Det er i all hovudsak gran som vert hogd i Vestland. Av innmålt volum utgjer gran 95 % . Dette er for det meste norsk gran, men også 60 000 m3 sitkagran. Ein har hatt andre år med meir sitkagran, så den relative delen sitkagran har ikkje vore rekordhøg i 2024.
Generelt er sagtømmer-delen særs høg i granskogen på Vestlandet, i fjor var han på 80 %. Her er framleis noko å hente, for mykje av skogen vert hogd for tidleg. Om ein ser på historiske tal på alder ved hogst, frå resultatkartlegging og eigne analyser, er nok ein majoritet av skogen framleis i hogstklasse 4.