Det er rom for meir hengebjørk i skogbruket

Arnt Laukeland frå Skogkurs sankar frø i skogen
Arnt Laukeland frå Skogkurs midt inne i hengebjørk-området. Foto: Ruben Bøthun/Skogselskapet.

Hengebjørka er satsa lite på i Vestland, men mange stader har ho gode vekstvilkår. Det er ingen tvil om at hengebjørka fortener ein større plass i skogbruket vårt.

Publisert 24.10.2024

Skogfrøverket melder no at vi manglar bjørkefrø i Vestland. Vi har noko att i ein frøbank av hengebjørk sanka i 2013, frå Nessane i Høyanger. Dette frøet byrjar å bli gamalt, og ettersom spiringa vert dårlegare med åra, er det på tide å forsterke lageret med frø.

Nessane ligg omtrent midt på Sognefjorden i det midtre sankeområdet for Sogn og Fjordane, Im. Her er hengebjørka av god kvalitet, og reine bestand av hengebjørk kan vi sjå langs vegen frå Kvist til Nessane. Sankebestandet er planta i 1994, basert på eit utval med plusstre i området. Etter 30-års vekst er det i dag trehøgder på 18-19 meter, på god bonitet, B23. Kulminasjonsalder og hogsttidspunkt for denne boniteten er 40 år. Produksjonsevna er 8,5 m3/ha/år, omtrent midt mellom ein G20 og G17, men på berre halve omløpstida. Det er difor ingen tvil om at hengebjørka fortener ein større plass i skogbruket!

I år var frøet moge litt tidlegare enn vanleg, grunna den tidlege og varme våren, så innsamlinga av frø vart gjort 16. juli. Bestandet er berre på 2 dekar, så for å få tilstrekkeleg genetisk variasjon i materialet vart det felt 12 tre og plukka raklar frå desse. I fuktig tilstand vart det i alt 4 kilo frø, som no er reinska før Skogfrøverket testar spiredugleik ved eit seinare høve.

Planter frå desse frøa kan brukast overalt på Vestlandet der hengebjørk trivst, helst på morenejord i indre fjordstrøk og i lune lier. Indre Nordfjord, Indre Sogn og Indre Hardanger er aktuelle lokalitetar. Forsøk med hengebjørk i midtre og ytre fjordstrøk har vist god vekst i ungdomen, men etter 15-20 år vert det mykje haustskadar, så kystklima vert ikkje tilrådd for dette frømaterialet.    

Rak og fin bjørk, 26 cm i brysthøyde, 19 m lang. 0,419 m3.
Rak og fin bjørk, 26 cm i brysthøyde, 19 m lang. 0,419 m3. Foto: Torgrim Østgård/SFVL.

Bjørkefrø er billegare å sanke inn enn t. d. furufrø. Eitt kilo  frø kan innehalde 3-4 millionar bjørkefrø, medan det for furu er 150 000 frø. Prisen per kilo bjørkefrø ligg på om lag 22 000 kroner, omtrent det same som foredla granfrø, men vi har altså mange gonger så mykje frø.

Planting og avsetning

Tal ifrå Landbruksdirektoratet viser ei beskjeden planting av hengebjørk i Noreg, totalt 275 000 planter mellom 2020 og 2023. I fjor var berre 0,13 % av alle planter hengebjørk. Planteproduksjon av bjørk er marginal grunna lav etterspurnad. Sjølve produksjonen på planteskulane går føre seg på ein annan måte enn for dei tradisjonelle bartrea. Dei såkalla M60-bretta, som også produserer dei største granplantene, vert brukt til bjørk, men det førekjem også dyrking i M95-brett. Plantebretta må såast for hand i april/mai, gjerne med fleire frø per plugg i brettet, som seinare tynnast ut til eitt tre. . Det trengs mykje vatn og gjødsel. Meir stell gjer at bjørk ofte er dyrare som utsalsplante. Bjørkeplanta er ofte eittårig, og ligg nærare 3 kroner/plante over grana i plantepris.

Når det gjeld avsetning av tømmer så er det, utanom energivirke/vedtømmer, ei beskjeden omsetning av sagtømmer. Vedtømmer har fått ein ny dynamikk, grunna energiprisar og redusert tilgong knytt til importforbud frå Russland. I vedmarknaden i dag kan skogeigar på dimensjona få 610 – 640 kr/m3. Dersom bjørka er endå beinare, med minste toppmål 12 cm, kan prisen bikke 700 kr/m3. Ein forbrukar av sagtømmer av bjørk i Noreg er tannpirkarprodusenten Jordan, i Innlandet. Rundtømmer for slik produksjon låg på 1000 kr/m3 for nokre år sidan. Finértømmer i Finland vart betalt like oppunder 2000 kr/m3 for nokre år sidan. Skal vi produsere slikt tømmer er det viktig med ungskogpleie, tidleg stammekvisting og gjerne tynningar fleire gonger.

    

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner