Lønsamt samarbeid mellom mat- og reiselivsbedrifter på Vestlandet

Kva konkret kan reiselivs- og lokalmatverksemder samarbeida om for å oppnå auka lønsemd? Dette var temaet då fylkesmennene i dei fire vestlandsfylka arrangerte fagtur til Berlin for 26 verksemder siste helga i januar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2019

Dei fire vestlandsfylka har mykje felles og vil ha nytte av sterkare samarbeid på tvers av verksemder og fylke. I kjølvatnet av Internationale Grüne Woche (IGW) 2018 arrangerte fylkesmennene fagtur for eit knippe verksemder med ulike produkt og tenester, og som alle har uttrykt ynskje om vekst og samarbeid.

Temadag på IGW

IGW i Berlin er ei av verdas største messer for mat og landbruk. Fagturgruppa hadde temadag på messa, og fekk god informasjon frå Sveits, Austerrike og det tyske landbruksdepartementet, som raust delte erfaringar innan innovasjon og samarbeid på produksjons- og marknadsføringssida.

Fagdag

Hovudmålet med fagturen var å styrka det faglege nettverket mellom mat- og reiselivsverksemder og å skapa grunnlag for konkret samarbeid mellom verksemdene.

Gjennom ein lang og intensiv fagdag fekk deltakarane kort innføring i heilskapleg strategiarbeid og i arbeid mot internasjonal marknad. Innovasjon Norge sitt Tysklandskontor hadde innlegg om turisme og om eksport av varer, noko som er aktuelt for mange av verksemdene.

Gjennom kafédialog med sentrale spørsmålsstillingar diskuterte deltakarane strategiar og tiltak for auka vekst gjennom samarbeid. Samtalane var mange og det kom fram ei lang liste med sentrale moment å ta med i det vidare arbeidet.

Speed date

Høgdepunktet på fagdagen var Speed date, der deltakarane skulle få direkte dialog med dei verksemdene dei konkret ynskjer kontakt med. Det myldra av diskusjonar i ei hektisk økt der mange møtte kvarandre og der begynnande samarbeidsidear vart lufta og konkrete avtalar vart gjort.

Arrangørane meiner det kom mykje matnyttig ut av samlinga. Det vert no evaluering, og vegen vidare skal stakast ut gjennom ein felles handlingsplan for dei fire fylka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.