MAREA – oppsummering av eit innhaldsrikt prosjekt
Folk frå fem land, med ulik bakgrunn, eit stort engasjement for berekraftig landbruk og varme kjensler for den europeiske familien, har jobba i tre år i eit Erasmus+ - prosjekt. Prosjektet vart avslutta med ei arbeidsveke i Noreg i august.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Namnet MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge. MAREA rettar seg inn på fire tema:
- sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt
- berekraftig reiseliv
- bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap
- tilhøvet mellom by og landbruk
I prosjektet har partnarane gjennomført oppgåver, kvar for seg og saman, ut frå ein omfattande prosjektplan. Hovudoppgåvene i denne prosjektplanen har vore:
Rural Academy
Berebjelken i MAREA-prosjektet er «Rural Academy - learning in rural areas». Prosjektdeltakarane har laga ein systematisk curriculum, ein læreplan for auka kompetanse og formidling av mellom anna berekraftig ressursutnytting, ulike produksjonar. og urbant landbruk. Deltakinga er gratis. Sentralt i prosjektet er opplæring i formidling av ny og etablert kunnskap, gjennom kurs i «rural guiding».
Gjennomføringa av læreplanen skal vere basert på praktisk kunnskap og erfaringar, og det er starta eit arbeid med å byggje nettverket “Places of learing”. Stader med særpreg, der ein kan dela kunnskap og erfaringar, vert samla i den interaktive online-plattforma «Map of tomorrow». Her deltek mellom anna Berekraftige liv, Lystgården, Lyngheisenteret på Lygra, Gripen gard og garden Lundemannsverk.
Om du arbeider med agroturisme, formidling av lokalmat, urbant landbruk eller anna landbruksbasert næring, og vil teste ut læreplanen, vil vi svært gjerne ha tilbakemeldingar.
Never ending stories
Deltakarlanda har produsert filmar, som både viser mangfald og synleggjer korleis tradisjonar kan bidra til innovasjon og god og berekraftig utvikling. Statsforvaltaren i Vestland har laga filmane «Golden Fleece» og “Wine, cider and networking” Den siste hadde premiere på internasjonalt «Multiplayer Event» på Lystgården i Bergen 19.august.
Prosjekt som dette er viktige for å forstå korleis landbruket fungerer i EU, og kva ulikskapar, drivkrefter og trendar som finst. Prosjektdeltakarane vart godt kjende med kvarandre og sit att med mykje kunnskap og nye nettverk. Dette er truleg ikkje eit sluttpunkt, men ein start for vidare for kunnskapsbygging og innovasjon.
Kontaktpersoner
-
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72 -
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50