Fylkeskommunen satsar på grøn landbruksutvikling
Landbruksrelevante utviklingsprosjekt stakk av med heile 8 av 13 millionar kroner som Hordaland fylkeskommune hadde sett av frå regionale utviklingsmidlar til støtteordninga «Grøn konkurransekraft 2019».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I Hordaland har Fylkesmannen og fylkeskommunen i fleire år arbeidd tett saman om utvikling knytt til mat og landbruk, både innan næringsutvikling, entreprenørskap, kulturlandskap og miljø. Dette har mellom anna løyst ut langt meir midlar til utviklingsarbeid i landbruket enn det som ligg i fylket sin UTM-kvote.
I år sette fylkeskommunen av ein stor pott av regionale utviklingsmidlar knytt til «Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019», i tråd med regionale nærings- og klimaplanar. I olje-, shipping- og akvakulturfylket Hordaland gjekk likevel halvparten av dei 14 tildelingane til landbruksrelaterte eller -relevante prosjekt.
Fornybar energi
I Hordaland har utviklinga innan landbrukstilknytt bioenergi stort sett vore avgrensa til mindre flisfyringsanlegg. Biogass på husdyrgjødsel har vore vanskeleg å få til, mykje grunna strukturen i landbruket og folkesetnaden. To av prosjekta i Grøn konkurransekraft bidreg også til å skru opp tempoet i trebasert bioenergi. Nytt for vår region er at to regionale renovasjonsselskap har fått løyvingar til prosjekt for utgreiing av biogassanlegg for matavfall i kombinasjon med husdyrgjødsel, i relativt mjølketette område i Voss og Hardanger. Dette er ei særs spennande utvikling, som kan bidra til å kome rundt den bøygen vi her vest har hatt med etablering av gardspesifikke bioreaktorar.
Bioøkonomi og sirkulær økonomi
Endå «grønare» er satsingar som kan ha ei høgare verknads- og foredlingsgrad enn energiproduksjon. Voss, den største landbrukskommunen i fylket, vart tildelt 1,4 millionar kroner til eit 3-årig utviklingsprosjekt innan landbruket, med høge implementeringsambisjonar på karbonfangst og jordbiologi. Design Region Bergen fekk løyvd 1 mill. kroner til eit prosjekt for identifisering og nytting av bioressursar i sirkulær økonomi. Sist men ikkje minst, fekk Bybonden i Bergen finansiert mykje av sin aktivitet dei neste tre åra, både mot det bynære landbruket og den generelle folkesetnaden, knytt til bumiljø og urbant landbruk.
Til saman skapar dette ein aktivitet og ei målretta utvikling av klimavenlege løysingar i landbruket som vi ikkje har vore i nærleiken av her vest før, då større og kompliserte satsingar ofte ikkje vil bli prioriterte ved tildeling av miljø- og næringsutviklingsmidlar.
Heile saka og lista over løyvde prosjekt (nettartikkel hjå Hordaland fylkeskommune)