Webinar om ny rapport «Fosformengde og spreieareal»

Statsforvaltaren heldt digitalt informasjonsmøte om rapport for fosformengde og spreieareal onsdag 9. april.

Publisert 10.04.2025

Landbruksdirektoratet har laga eit rapport-verktøy som viser fosformengd frå husdyrhaldet og tilgjengeleg teoretisk spreieareal som kvart føretak disponerer. Ein får då god oversikt over føretak som kan sjå ut til å vere i risiko for å ha lite spreieareal, og ein kan gi rettleiing til føretak som er usikre på om dei har nok spreieareal no og framover. På møtet fortalde vi litt om bakgrunnen for rapporten og demonstrerte korleis ein kan bruke rapporten. Om du ikkje fekk dette med deg, kan du sjå opptak av webinaret her.

Kommunen kan be om tilgang til rapporten for aktuelle medarbeidarar.
Send i så fall e-post til sfvllandbruk@statsforvalteren.no

Opptak av webinaret 9.04.25

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.