Gratis webinar: Fangdammar - effektive oppsamlarar av jord og næringsstoff

Grøn skog, dam, grønt gras, overskya
Illustrasjonsbilete av fangdam Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) inviterer til webinar om fangdammar og potensialet for nytte i landbruket. 

Publisert 09.08.2024

Webinaret er den 20. august kl. 12.00 - 13.00 på teams. Lenke til webinaret finn her.

Fangdammar er konstruerte anlegg med våtmark for vassforbetring i vatn og vassdrag, også kalla reinseparkar. Reinsefunksjonen er basert på oppdemming, sedimentering og næringsopptak via vassplanter. Oppgåva til anlegga er erosjonsdemping, betre vasskvalitet og ikkje minst auka biologisk mangfald og naturverdi i vassførekomsten.

Fangdammar er effektive oppsamlarar av jord og næringsstoff. Kan fangdammar være eit av jordbrukets svar på aukande fokus på vasskvalitet og stadig auka miljøkrav?

Steinar Velten (NLR) har opparbeidd seg solid kompetanse på området, og i webinaret vil han snakke om følgande tema:

  • Kva problem skal dammen løyse?
  • Korleis konstruere dammar etter oppgåvene?
  • Kva omsyn må ivaretakast i planlegging og gjennomføring?
  • Verknadsgrad på dammen
  • Vedlikehaldskostnader

Webinaret er ope for alle, og krev ingen påmelding.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner