Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Frå og med 2019 vert det tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging i Vestland. Tilskotet er ein del av regionale miljøtilskot. Tilskot til nedlegging har vore fleire år i Hordaland, men det er litt endra vilkår, så «gamle» søkjarar bør òg lese dette.

Publisert 25.02.2019

I jordbruksoppgjeret 2018 vart det bestemt at alle fylker skal gje tilskot til spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedfelling eller nedlegging som ein del av RMP-tilskota. Søknadsfristen er 15. oktober 2019 for dei tiltaka som har blitt gjort i vekstsesongen 2019.

Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel

Tilskotet gjeld spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedfelling eller nedlegging. Merk at all husdyrgjødsel/biorest som du tilfører på eit areal i vekstsesongen, må spreiast med nedfelling eller nedlegging for at du skal kunne søkje om tilskot for arealet.

Ellers er det verdt å merke seg:

  • Ein må spreie minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar.
  • Siste frist for spreiing er 10. august.
  • Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter den siste spreiinga.
  • Ved spreiing ved nedlegging i open åker, må husdyrgjødsel/biorest bli molda ned innan to timar.
  • Du må ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.
  • Du treng ikkje følgje krava til tilskotet for alt arealet ditt, men du må følgje alle krava for det arealet som du søkjer om tilskot for.

 

Dersom du brukar nedfelling eller nedlegging i kombinasjon med tilførselsslange, kan du òg søkje om:

Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange

Dette tilskotet gjeld kun i kombinasjon med nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel. All tilført gjødsel/biorest på eit areal må tilførast via nedfelling/nedlegging OG tilførselsslange for at ein skal ha rett på dette tilskotet.

 

Førebelse satsar:

Nedfelling/nedlegging: kr 50 per dekar, maks tilskot til 100 dekar per føretak.

Tillegg ved bruk av tilførselsslange: kr 250 per dekar, maks tilskot til 100 dekar per føretak.

Merk at satsane er førebelse og kan bli endra på grunnlag av det endelege søknadstalet.

 

Nedlegging eller nedfelling?

I Hordaland har det tidlegare berre vore tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel. No vert tilskotet likt i heile landet og det vert difor òg tilskot til nedfelling. Dette er skilnaden på dei to ulike metodene:

  • Nedlegging: Vert òg kalla stripespreiar, blekksprut (slangespreiar). Gjødsla vert lagt i striper på bakken, med 20- 40 cm avstand.
  • Nedfelling: Gjødsla vert plassert ned i jorda, td skutt ned i jorda med høgt trykk /DGI), eller det blir laga furer i jorda som gjødsla blir plassert i.

Ved nedfelling kjem ikkje gjødsla i kontakt med lufta, slik at tapet av ammoniakk til lufta vert mindre enn ved nedlegging. Men ved nedfelling kan plantene bli tilgrisa av jord, utstyret er tyngre slik at det er fare for meir jordpakking og grasrøttene kan bli skada. I tillegg er nedfellingsutstyr dyrare enn utstyr til nedlegging.

Bruk av tilførselsslange istaden for vogn gjev mindre jordpakking på arealet. I Hordaland har det før vore eit krav om bruk av tilførselsslange for å få tilskot til nedlegging. Det er ikkje lenger krav om bruk av tilførselsslange, men det er bra både for klimaet og for lommeboka å bruke tilførselsslange ved spreiing av gjødsla. 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.