Satsing på kulturlandskap i verdsklasse
I år fekk bøndene i verdsarvbygda Undredal den nasjonale kulturlandskapsprisen. Dei gjer eit imponerande arbeid med drift og utvikling i samspel med kulturlandskap og natur. Med gode støtteordningar og lokalt engasjement går fleire bygder i Vestland i same retning.
Sju landskap i vest
Det er sju utvalde kulturlandskap (UKL) i Vestland, og saman med midlar frå Regionalt miljøprogram (RMP) og Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), får verdifulle kulturlandskap i heile Vestland eit ekstra løft kvart år. Dei utvalde kulturlandskapa i Vestland er spreidde frå Stad i nordvest til Ormeli i Indre Sogn, til dei større jordbrukslandskapa i Lærdal og Ullensvang, og dei inste fjordarmane i Sogn og Hardanger. Nokre plassar har spesielt stort artsmangfald og tidsdjupne i landskapet, som til dømes dei sørvendte slåtteteigane i Gjuvslandslia på Varaldsøy i Kvinnherad, eller liene med styvingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune.ingstre på Grinde og Engjasete i Sogndal kommune.
Ekstra ressursar er viktig
Topografien på Vestlandet set grenser for storleik og utforming av jordbruksareala. Mange stader der det difor behov for ekstra innsats for å oppretthalde drifta og ta vare på verdiane. Kulturlandskapet i fjellet og i fjord- og kystlandskapet er skapt av landbruk, særleg gjennom hausting av grovfôr med slått og beiting. Når kulturlandskapet gror igjen, vil det få fylgjer både for landbruket, lokal busetnad, tilgjenge i naturen, biologisk mangfald og for reiselivet.
God støtte
Kommunane forvaltar årleg midlane til RMP, SMIL, UKL og Verdsarvordninga. Godt skjønn og grundige skjøtsel- og forvaltningsplanar er grunnlag for tildeling av støtte. Statsforvaltaren i Vestlands si landbruksavdeling og klima- og miljøavdeling støttar kommunane i samarbeid. Her er det overlappande arbeid mellom verneområde, utvalde kulturlandskap eller verdsarvområde. Dette gir gode synergiar og god støtte til forvaltninga lokalt og til produsentane.
Kontaktpersoner
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94