Nytt gjødselregelverk er fastsett

Jorde der det blir dyrka gras
Dei nye reglane skal både sikre matproduksjon og bidra til betre tilhøve i vassdraga. Foto: Øyvind Vatshelle/SFVL.

Regjeringa fastsette nytt gjødselregelverk på fredag. Det nye regelverket består av to nye forskrifter. Gjødselbrukforskrifta gjeld mellom anna lagring og bruk av husdyrgjødsel, biorest, mineralgjødsel mm. Gjødselvareforskrifta gjeld produksjon og omsetting av gjødselvarer.  

Publisert 03.02.2025

Nokre større endringar trer i kraft om to år

Blant dei største endringane i ny gjødselbrukforskrift er strengare krav til kor mykje fosfor ein kan tilføre. Tidlegare omfatta dette berre husdyrgjødsel, men no er det summen frå ulike gjødselslag som gjeld. Total mengde fosfor er også redusert. Fleire av dei største endringane trer i kraft frå 2027.

Mykje blir nytt frå i år

Krav til spreiefrist om hausten, innstramming på fosfortilførsle og kva som er lov ved gjødsling på innmarksbeite er blant endringane som gjeld allereie frå  2025. Vi kjem tilbake med omtale av dette.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.