Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

Statsforvaltaren i Vestland har laga ny rettleiar om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal.
Rettleiaren skal vere til hjelp for kommunane når dei skal handsame søknadar. I tillegg har vi utarbeida ei sjekkliste for kommunen som skal vere til hjelp i vurdering av søknad, og ein mal for vedtaksbrev.
Det er viktig at kommunane informerer føretak om at dei må ha godkjenning for å kunne spreie husdyrgjødsel på beite. Dersom dei ikkje har slik godkjenning og brukar husdyrgjødsel på beite, så må dei søke no.
Bakgrunnen for dette er ny gjødselbruksforskrift som kom i februar. Den har som føremål å sikre gode avlingar, ta vare på det biologiske mangfaldet og redusere forureininga frå jordbruksareal. All spreiing av husdyrgjødsel på beite må no vere godkjent av kommunen, og frå 2028 vil det også gjelde bruk av mineralgjødsel.
Kontaktpersoner
-
Øyvind Vatshelle
Tlf: 55 57 21 78 -
Martin Søgnen
Tlf: 57 64 30 79