Fordeling av klima- og miljømidlar for 2022
Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2022. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.
Statsforvaltararen tildeler kvart år midlar til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om utfordringar og tiltak innan:
* klimatilpassing
* klimagassutslepp
* jord
* naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet
* forureining til vatn, jord og luft
Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og gje oppdatert rådgiving til næringa.
I år fekk vi 7 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 1,3 mill. kroner. Av desse vart fem søknadar prioriterte for tilskot. Tilskota ligg i spennet mellom 30 000 og 400 00 kroner, og utgjer til saman 801 000 kroner.
Desse prosjekta har fått støtte:
Prosjekt | Søkar |
Skilting i det freda kulturmiljøet Havrå | Stiftinga museumssenteret i Hordaland |
Beste klimapraksis sau 2022 - 2023 | NLR Vest |
Potensiale i bruk av seksjonskontroll på mineralgjødselspreiar i Vestlandslandbruket | NLR Vest |
Kurs i Holistic Management/regenerativt landbruk i Vestland fylke | NLR Vest |
Karbonlagring i eng ved ulik drift og gjødsling | NIBIO Fureneset |