Endring i SMIL-forskrift
Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.
Landbruks- og matdepartementet har gjort endringar i forskrifta § 3 gjeldande frå 1. januar 2020. Det kan no løyvast tilskot òg til eigarar av landbrukseigedom utan føretak, jmf ny § 3 første ledd. Vilkåret er at det må gå føre seg ein produksjon på landbrukseigedomen som oppfyller vilkåra etter forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.
Dette kjem i tillegg til at det, som tidlegare, kan løyvast tilskot til føretak som er registrerte i Einingsregisterert, og der det går føre seg ein tilskotsberettiga produksjon på eigedomen.
Ny § 3 første ledd lyder:
Tilskudd kan innvilges foretak som oppfyller vilkårene i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 2 og § 3 eller § 4. Det må foreligge tillatelse fra landbrukseiendommens eier til gjennomføring av prosjekt eller tiltak som nevnt i denne forskriftens § 4 og § 5. Tilskudd kan også innvilges eier av landbrukseiendom dersom det foregår en produksjon på landbrukseiendommen som oppfylle vilkårene for tilskudd etter forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.
Landbruksdirektoratet vil snarast oppdatere sitt rundskriv 2019-14; Kommentarer til forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket og veiledningstekster i digitalt søknads- og saksbehandlingssystem.
Endringsforskrifta ligg i høgre marg.