Fjord Norge på Grüne Woche 2025
I januar 2025 reiser 22 lokalmat- og opplevingstilbydarar frå Fjord Norge til Berlin for å delta på IGW, verdas største mat- og reiselivsmesse.
Med over 275 000 besøkande og meir enn 1500 utstillarar frå 70 land, er IGW ein unik arena for å fremje norske smakar, kultur og reiseliv i ein internasjonalt marknad. For fylka Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland er IGW ein strategisk sjanse til å posisjonere seg som den fremste mat- og reiselivsdestinasjonen i Noreg, med fokus på berekraft og kvalitet.
Smaksverkstad i Bergen
24.oktober inviterte arbeidsgruppa for prosjektet til ein eksklusiv «Smaksverkstad» på Ostra Restaurant i Bergen. Tradisjonen tru er dette eit treff for alle deltakarar, både prosjekt- og matfagleg ansvarlege. Verksemdene blei presenterte ein etter ein, og alle produkt kunne vi smake på. Tyskarane kan berre glede seg til å få same moglegheit.
Kvifor deltek vi på denne messa?
Grüne Woche, arrangert sidan 1926, er ein institusjon for internasjonal mat, landbruk og reiseliv. Den norske deltakinga på Internasjonale Grüne Woche 2025 (IGW) skal bygge Noreg som mat- og reiselivsnasjon og styrke omdømmet til norsk mat og reiseliv. Målet er å stimulere til samarbeid og innovasjon på tvers av grenser og næringar. Landbruks- og matdepartementet gjev oppdrag til Innovasjon Noreg om å gjennomføre dette store samarbeidsprosjektet, og regionane blir inviterte til å søkje om deltaking. For IGW 2025 blei Fjord Norge valt ut og Statsforvaltaren i Vestland er prosjektleiar på vegne av det regionale partnarskapet i fylka.
Kontaktpersonar
- Dirk Kohlmann, Statsforvaltaren i Vestland: 412 96 550
- Ingerid Wembstad, Matarena AS: 994 03 999
Deltakarar frå Fjord Norge til IGW 2025
Vestland
Flatheim, Fløirestauranten, Heimtun gardsmat, Lofthus sideri, Løvaas Gard, Myrdal Gård Ysteri, Nordre Solend Gard, Norway’s Best AS, Vestavin AS, Ølmheim siderhage
Rogaland
Jerseymeieriet, Skeie Gård, Topp Sopp, Fuglestein Fruktgard, Ryfylke gardsysteri, Smaken av Ryfylke
Møre og Romsdal
Smia Restaurant & Catering AS, Stolte Anton AS, Sveggvika Eiendom AS, Tingvoll Sider, Tingvollost AS, Juvet Landskapshotell
Kontaktpersoner
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50 -
Marit Hjortung
Tlf: 57 64 30 89 / 90 61 95 92