Tilskot til klimatiltak i landbruket
Landbruksnæringa har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Det finst fleire tilskotsordningar for klimatiltak på garden.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
God agronomi er bra for produksjonen, samstundes som det er eit godt klimatiltak. Måten du driv garden på er med på å avgjere utslepp av klimagassar og kor mykje karbon som vert bunde. Nokre av klimatiltaka på garden kan du også få støtte til.
Tabell: Oversikt over tilgjengelege støtteordningar for vestlandsbonden og kven som har ansvar for ordninga.
Område | Tiltak | Støtteordningar | Ansvar for ordninga |
Areal | Drenering | Tilskot til drenering | Kommunen |
Gjødsling | Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging, eventuelt i kombinasjon med tilførselsslange | RMP | Kommunen |
Nytt gjødsellager |
Innovasjon Norge |
||
Dekke over eksisterande gjødsellager |
Kommunen |
||
Biogass frå husdyrgjødsel |
Landbruksdirektoratet Innovasjon Norge |
||
Energi | Bio og fornybar energi i køyretøy | ENOVA | ENOVA* |
Bio og fornybar energi i oppvarming Gardsvarmeanlegg Bioenergi av treflis |
Verdiskapingsprogrammet for fonybar energi i landbruket (ENOVA) |
Innovasjon Norge
(ENOVA)* |
|
Landbruksbygg | Tre i landbruket | Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU) | Innovasjon Norge |
Solcellepanel på landbruksbygg | Verdiskapingsprogrammet for fonybar energi og teknologi i landbruket | Innovasjon Norge | |
Skog | Planting av skog | Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) | Kommunane |
Klimarådgjeving | Rådgjeving og utarbeiding av tiltaksplan på garden om klimatiltak og klimatilpassing | RMP | Kommunane |
*ENOVA: pr dags dato er tilskotsordninga gjennom ENOVA lite relevant for landbruket
Kunnskap om garden sine klimagassutslepp
Klimakalkulatoren er eit digitalt verktøy for den norske bonden. Den gjev ei oversikt over utslepp og kva moglegheiter du har for å redusere utslepp og binde karbon på garden. Kalkulatoren er klar for mjølkeproduksjonen, korn og gris.
Les meir om klimakalkulatoren:
Les meir om klimatiltak i Bondeboka :
Kontaktpersonar hos Fylkesmannen:
Område | Kontaktperson |
Drenering | Trude Knagenhjelm |
Regionalt miljøprogram (RMP) | Liv Astrid Norheim Kusslid, Øyvind Vatshelle |
SMIL | Trude Knagenhjelm |
Biogass frå husdyrgjødsel | Bastian Hoffmann |
Landbruksbygg | Dirk Kohlmann |
Skog | Dirk Kohlmann |
Referansar:
Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet 2018. Klimatiltak i jordbruket- gjennomgang av ordninger med støtte til klimatiltak på gårdsbruk. Rapport 14/2018.