Restemat i jula
Det skal vere mykje god mat når vi feirar jul og nyttår. Samstundes er det fare for at vi kastar meir enn normalt.
Tal frå Miljødirektoratet viser at det største matsvinnet skjer i hushaldningane. Det betyr at det eg gjer heime, og kor mykje eg legg i handlekorga, er avgjerande for kor mykje mat som vert kasta. Totalt vart det kasta 84,7 kilo per person i Norge i 2020.
Det går store ressursar til å produserer maten, og det er difor viktig at vi tek vare på restane. Med litt omtanke vert dei til nye og gode måltid. Restar etter varme måltid må kjølast ned og oppbevarast i kjøleskap eller frysar. Med litt førebuing kan restar verte nye festmåltid.
Regjeringa har no lagt ut på høyring forslag til ei ny lov om matsvinn. Denne omfattar ikkje oss som forbrukarar. Vi må sjølve ta ansvar for å redusere matsvinnet, gjennom dei vala vi gjer, også i jula.
Figuren under viser at hushaldningane står for det største matsvinnet, før matindustri, daglegvare og jordbruk.