Landbruksnæringa lanserer klimakalkulator
Landbrukets Klimaselskap SA lanserte 15.oktober «Klimakalkulatoren» for norske gardsbruk. Den gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet er at så mange norske bønder som mogleg tek i bruk kalkulatoren. I første omgang kan den brukast for mjølk, korn og gris. Andre produksjonar kjem fortløpande til.
Heile landbruksnæringa står bak klimakalkulatoren og den er eit lagarbeid. Dei som står bak har stort fagleg spenn med 17 eigarar frå både samvirke og det private.
Klimarådgjevarane vil vere viktige for bonden når klimakalkulatoren skal takast i bruk. Norsk Landbruksrådgiving og TINE utdannar for tida eigne rådgjevarar. Skulering av rådgjevarar og utviklinga av kalkulatoren er for landbruksnæringa eit viktig og offensivt steg framover i klimaarbeidet.
Les meir om klimasmart landbruk og klimakalkulatoren.
Klimakalkulatoren er også omtalt hjå Norsk Landbruksrådgjeving og Tine.
Kontaktpersoner
-
Dirk Kohlmann
Tlf: 55 57 21 71 / 41 29 65 50