Fagskole frukt og bær startar ny utdanning for styrking av fagleg og praktisk kunnskap i frukt- og bærproduksjon
I haust startar den nye landsdekkande fagskuleutdanninga innan frukt og bær. Utdanninga inneheld tema frå heile verdikjeda – frå produsent til salsledd.
Samarbeid mellom fleire fylke
Fagskuleutdanninga gjev totalt 60 studiepoeng, og vert gjennomført med både nettbaserte og fysiske samlingar. Samlingane vil vere på Søve i Telemark og på Hjeltnes i Ulvik, i Vestland fylke. Det er ei deltidsutdanning, og den er lagt opp slik at du fint skal kunne kombinere den med jobb og privatliv. Oppstart er 22. oktober. Søknadsfrist er 8. september. Les meir om utdanninga og søkjeprosessen på sida til Fagskolen Innlandet.
Fagleg breidde
Fagskulen er basert på tre område for djupdykking: fruktdyrking, bærdyrking og most- og siderproduksjon. Målet er at utdanninga skal styrke kunnskapen om produksjon, foredling, økonomi, kvalitet og omsetning av frukt, bær, most og sider.
For heile verdikjeda
Utdanninga vil styrke den faglege og praktiske kunnskapen din som frukt- eller bærprodusent på eigen gard, eller som tilsett i ei verksemd med desse produksjonane. Fagskuleutdanninga rettar seg difor mot både nye og eksisterande produsentar innan frukt, bær, most og sider, fagarbeidarar i desse produksjonane, elevar frå vidaregåande skule, lærarar og tilsette i leiarstillingar i næringa, i tillegg til tilsette i kjeder/butikk, kategoriansvarlege og grossistar.
Variert undervisningsform
Undervisninga blir gitt som ei blanding av førelesingar, ekskursjonar, oppgåver, prosjektarbeid, sjølvstudium og rettleiing, både i grupper og individuelt. Som student vil du også arbeide med å utvikle eiga verksemd eller forretningsidé. Innhaldet er utvikla i tett samarbeid med aktuelle næringsorganisasjonar, fagpersonar og produsentar.
Brei støtte
Utdanninga er eit samarbeid mellom Fagskolen Innlandet, Fagskulen Vestland og Søve videregående skole. Utviklinga av studiet er finansiert av Nasjonale tilretteleggingsmidler i Landbruksdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Telemark fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune og Vestland fylkeskommune.
Kontaktpersoner
-
Frøydis Lindén
Tlf: 55 57 21 86 / 90 55 21 94