Inn på tunet

Inn på Tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel.

Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp den nasjonale satsinga på Inn på tunet. Det er Statsforvaltaren si landbruksavdeling som koordinerer arbeidet med Inn på tunet i Vestland. Her kan kommunar og andre få informasjon om Inn på tunet, og råd og rettleiing ved etablering og drift.

 
Hovudoppgåvene er
  • å gjera Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor
  • å auka kompetansen på kjøpar- og tilbydarsida gjennom utviklingsarbeid, informasjonsarbeid, kurs og andre aktivitetar 

Arbeidet vert styrt av Handlingsplan for Inn på tunet i Vestland 2023-2025 som er eit tverrfagleg samarbeid mellom helse- og sosialavdeling, utdanningsavdeling og landbruksavdeling. 

 

 

Ei tverrfagleg arbeidsgruppe har ansvaret for gjennomføring av planen. Gruppa raporterer til leiargruppa hos Statsforvaltaren i Vestland. 

 

I perioden 2020-2022 gjennomførte vi i Vestland Inn på tunet-løftet 2, innanfor området Psykiatri, rus og arbeid. Kommunane Bømlo og Stad var pilotkommunar. Resultatet frå dette pilotarbeidet og dei andre pilotane; Nordland - grunnskule, Møre og Romsdal - vidaregåande skule og Oslo og Viken - demensomsorg, dannar mykje av grunnlaget for nasjonale og regionale planar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 27.02.2024

Ny handlingsplan for framsnakking av Inn på tunet

Slik vert ein jordnær og konkret handlingsplan laga: Ulike fagfolk, med eit mangfald av kunnskap, erfaring og nettverk, møtest og går på leit etter gode, praktiske løysingar.


Publisert 07.09.2023, Sist endret 21.09.2023

Inn på tunet gir arbeidstrening med nytteverdi

Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.


Publisert 26.06.2023

Inn på tunet - konferanse

Her får du vite korleis Inn på tunet kan bidra til å oppfylle nasjonale, regionale og kommunale mål for opplæring, velferdstenester og integrering.


Publisert 15.05.2023

Få informasjon om Inn på tunet rett i innboksen

Lurer du på kva som skjer med Inn på tunet om dagen? Du kan få aktuell informasjon fire gonger i året gjennom Nytt frå Inn på tunet.


Publisert 19.12.2022

Inn på tunet – gull verdt for språk- og arbeidstrening

Kva kan Inn på tunet bidra med for innvandrarar med fluktbakgrunn? Erfaringar frå Inn på tunet-løftet på Bømlo viser meistringsopplevingar, språktrening, arbeidslivskunnskap og mykje glede.


Publisert 23.06.2021, Sist endret 24.06.2021

Følg med på det som skjer i Inn på tunet-løftet

Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektnettside.


Publisert 05.11.2020

Inn på tunet-løft i Vestland

Fylkesmannen i Vestland har fått tildelt eitt av fire utvalde pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå meir synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.