Lausdriftsfjøs med under 30 kyr er prioritert

Skisse til nytt fjøs.
Skisse til nytt fjøs. Foto: TINE.

«Siste forbruksdato» for norske båsfjøs er 2034. Statlege investeringsmidlar har difor gjennom mange år vore prioritert til omlegging frå bås til lausdrift.

Publisert 07.02.2022

Landet vårt er ulikt, og storleiken på mjølkebruka varierer mykje. Det er difor naturleg at det både vert bygd små og store lausdriftsfjøs. For å nå målet om landbruket over heile landet har mjølkefjøs med 15-30 kyr hatt politisk prioritet.

Tabell 1 viser korleis denne prioriteringa har påverka handsaming av søknader om investeringsstøtta frå Innovasjon Norge. I snitt for perioden 2018-2021 finn vi dei minste utbyggingane i fylka Vestland med 30 kyr, Agder med 34,3 kyr og Rogaland med 35,8 kyr etter utbygging. I andre enden finn vi fylka Troms og Finnmark med 45,3 kyr, Oslo og Viken med 45 kyr og Nordland med 42 kyr etter ei utbygging.

Tabell 1: Tal mjølkekyr etter utbygging på føretak som fekk investeringsstøtte til utbygging i åra 2018-2021. Fordeling i gruppa mjølkeproduksjon med kostnad over 4 mill. Kjelde: Innovasjon Norge.

Fylke 2018 2019 2020 2021 Snitt
Oslo og Viken 47 39 40 54 45,0
Innlandet 37 38 37 31 35,8
Vestfold og Telemark 39 40 30 36 36,3
Agder 39 35 33 30 34,3
Rogaland 39 35 37 32 35,8
Vestland 30 31 30 29 30,0
Møre og Romsdal 40 39 37 35 37,8
Trøndelag 44 46 36 39 41,3
Nordland 42 42 38 46 42,0
Troms og Finnmark 32 41 45 63 45,3

 

Tabell 2 viser tal for 2021, og kor stor del av prosjekta i gruppa mjølkeproduksjon med investering over 4 mill. kroner som går til lausdriftsfjøs med 15-30 kyr. Fylka Agder, Vestland og Innlandet har brukt over 60 prosent av ramma til mindre lausdriftsfjøs. Lågast del finn vi i Vestfold og Telemark med 0 prosent, Finnmark med 0 prosent og Nordland med 15 prosent.

Statistikken viser at kalkyle for kostnaden i 2021 med ei investering i fjøs med under 30 mjølkekyr ligg mellom 7 og 8 mill. kroner. Dette er kalkylar som er laga i 2020 før den store prisauken. Investeringsstøtta for prosjekt i denne gruppa er mellom 1,56 og 2,2 mill. kroner. Likt for alle desse prosjekta er at dei har under 30 kyr etter investeringa.

Tabell 2: Del av søknadene i gruppa 15-30 kyr, kostnadskalkyle, investeringsstøtte og tal kyr før og etter investering i 2021. Fordeling i gruppa mjølkeproduksjon med kostnad over 4 mill. Kjelde: Innovasjon Norge.

Fylke % søknader i gruppa 15-30 kyr Kostnads-kalkyle, kr Investerings-støtte, kr Tal kyr før investering Tal kyr etter investering
Oslo og Viken 17 4 494 000 1 200 000 30 30
Innlandet 61 7 151 151 1 628 500 19 26
Vestfold og Telemark 0        
Agder 67 7 296 596 1 933 333 21 26
Rogaland 24 7 641 839 1 575 000 18 27
Vestland 62 7 735 475 2 199 231 18 25
Møre og Romsdal 58 6 660 000 1 781 429 14 23
Trøndelag 36 7 182 672 1 566 667 20 26
Nordland 15 8 491 344 2 200 000 15 21
Troms og Finnmark 0        

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.